SONE-konferansen 2018 – Trondheim 19.-20. april

Historisk sosiolingvistikk

Sosiolingvistisk nettverk (SONE) er ein samanslutnad av forskarar ved norske universitet som arbeider med sosiolingvistiske problemstillingar av ulikt slag. SONE arrangerer årleg ein konferanse der både masterstudentar, stipendiatar og etablerte forskarar møtest for å legge fram ny forsking. Arrangementet går på omgang, og i år er NTNU vertskap. Institutt for språk og litteratur samarbeider med Institutt for lærarutdanning om den praktiske gjennomføringa.

Det overordna temaet for konferansen dette året er «Historisk sosiolingvistikk», men også andre sosiolingvistiske tema vil bli tekne opp i føredraga.

Inviterte føredragshaldarar i år er:

Dosent Haraldur Bernharðsson frå Háskóli Íslands 

Professor Agnete Nesse frå Høgskulen på Vestlandet 

Frist for påmelding er 1. februar. Påmeldinga skjer her. Du skal òg krysse av for om du vil halde foredrag. Samandrag skal sendast til ivar.berg@ntnu.no innan 1. mars.

Detaljert program vil bli lagt ut på denne sida.

Konferansen går primært føre seg på skandinaviske språk. Det er inga deltakaravgift.

Arrangementskomité: Eivind N. Torgersen (ILU), Brit Mæhlum (ISL), Ivar Berg (ISL) og Stian Hårstad (ISL)


Overnatting

Vi har hotellavtale med Scandic Bakklandet. Ta kontakt på telefon 72 90 20 00 eller e-post bakklandet@scandichotels.com og vis til referansen BNTN180418 før 21. mars for å få rabattert pris (1048 kr per natt inkl. frukost). Det er sjølvsagt høve til å ordne anna overnatting på eiga hand.

Lokaler

Informasjon om kvar konferansen finn stad, kjem her etter kvart