Artikkel Plan for Norge

Plan for Noreg – ein plan for å sikre Noreg sin eigenevne

Norwegian Open AI Lab hadde gleda av å vere vertskap når digitaliseringsminister Karianne Tung og forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland tok turen for å presentere Plan for Noreg den 15. desember. Til stades var forskarar og representantar ved NTNU, eksterne partnarar i AI-Laben og studentar.  «2025 var året vi fann ut korleis vi ikkje skal nytte kunstig intelligens, så kva med 2026?», presenterte Inga Strümke i sitt innlegg. Det går føre seg ein kontinuerleg debatt rundt KI-vektskåla, og ein raud tråd gjennom møtet var korleis Noreg kan styre vekta mot den positive sida.

Plan for Noreg – ein plan for å sikre Noreg sin eigenevne

Ei satsing på digital infrastruktur og KI

Karianne Tung starta med å  introdusere bakgrunnen for den nye planen. Vi lev i den farlegaste sikkerheitspolitiske tida etter 2. verdskrig. Det er derfor behov for eit meir dynamisk dokument enn det regjeringsplattforma tradisjonelt har vore. Planen inkluderer fem hovudområde: tryggleik  for økonomi, for landet, barn og unge, for helse og for arbeids- og næringslivet. Sentralt for å sikre tryggleik i desse områda står  teknologiutviklinga, og i dag  sit nokre få og store teknologiselskap med betydeleg definisjonsmakt over den digitale infrastrukturen:

 «Vi har allereie i år sett korleis tollbarrierar og kritiske mineral vert nytta som pressmiddel, det neste kan verte teknologi» - Karianne Tung.

Microsoft har gitt Noreg pallplassering blant nasjonar som er «AI-modne», men kva vil det eigentleg seie? Høg KI-adopsjon er ikkje nødvendigvis samsvarande med langt framme i utviklinga, noko Inga stilte spørsmål ved – gjer det oss sårbare ovanfor ein teknologi vi ikkje fullt forstår omfanget av, både på godt og vondt?

Inga Strümke presenting

Samarbeid bidreg til å styrke forskinga

Det er ikkje nok å berre plassere menneska i loopen, dei må forstå han òg. Dette illustrerte Jan Roar Beckstrøm frå Riksrevisjonen, som nyleg har vorte partnar i AI-Laben. Dei er med å finansiere ein doktorgrad innan forklarbar KI (XAI), som tek del i ein større XAI-satsing på NTNU.

Gjennom utvida samarbeid i partnarskap med både industri og offentleg sektor har det vorte mogleg å styrke forskinga gjennom å etablere ei forskingsgruppe med XAI som hovudfokus. Stipendiat Marte Eggen presenterte fagfeltet forklarbar KI og kvifor denne satsinga er aktuell. Forklarbar KI består av metodar og rammeverk for å hjelpe oss menneske å forstå prediksjonar frå KI-system. På denne måten kan vi forhindre at systema dreg slutningar på feilaktig grunnlag. Dette er viktig for å sikre etisk og trygg bruk av KI, men òg frå eit juridisk perspektiv. Neste år trer nemleg KI-loven i kraft i Noreg, noko som set krav til korleis vi nyttar og forstår dei KI-systema som vert teken i bruk.

Samstundes bidreg forskingssamarbeid til andre viktige område i Plan for Noreg. For at forskinga skal sikre ansvarleg og etisk bruk av teknologi må ho være tverrfagleg og tett kopla på samfunnet, seier statsråd Sigrun Aasland. Vidare påpeika Aasland at NTNU er med i fem av seks KI-senter som har det overordna målet å gjere Noreg til eit betre land å leve i, men at det ikkje er opplagt at utfallet vert slik. Eksempelvis må vi sjå på korleis KI påverkar læringsevna til unge, og investere i reknekraft på ein ansvarleg måte for å sikre nasjonal suverenitet og teknologisk eigenevne.

Stipendiat Marte Eggen

2026  - Totalforsvarsåret og KI-loven trer i kraft

Forsvaret, som også nyleg inngjekk partnarskap med AI-Laben, var til stades under besøket. Dei framheva 2026 som totalforsvarsåret, der viktigheita av å ha ein robust og sjølvstendig digital struktur står sentralt. Eit anna viktig aspekt av totalforsvaret er den digitale kompetansen til befolkninga. I ei tid der teknologi vert nytta som eit strategisk verktøy er det viktig å ha en motstandsdyktig befolkning som kan ta informerte avgjersler i møte med den teknologiske utviklinga. Direktør for AI-Laben, Kerstin Bach, konstaterte at fagmiljøet skal være ein tydeleg og truverdig kunnskapsformidlar. Dette gjekk 4.års-student ved NTNU, Isak Tønnesen, vidare inn på. Han introduserte NAIL Talk Force, eit initiativ der studentar i samarbeid med KI-forskarar frå NTNU har utvikla eit foredrag om kunstig intelligens med fokus på nøytral kunnskapsformidling til Midt-Norge regionen.

Plan for Noreg skal  reviderast kvart år og sette kursen for det kommande året . Det er ei betydeleg satsing på ansvarleg, etisk og sikker bruk av teknologi som kunstig intelligens for at Noreg skal bli det mest og best digitaliserte landet i verda. Å verte mest digitalisert er ikkje samanfallande med best, noko statsråd Sigrun Aasland understreka. KI kan auke vekst, velferd og verdiskaping, men 2025 har vist oss at det òg kan gjere skade når det kjem til mental helse, læring og krig.

Møtet framheva korleis forsking og utdanning  innan teknologi utgjer ein viktig del av Plan for Noreg. Vi er allereie er godt i gang gjennom utvida samarbeid, etablerte og komande forskingsprosjekt, samt initiativ for at  kunnskap og forsking formidlast ut i samfunnet. Desse initiativa speglar NTNU sitt samfunnsoppdrag, som òg bidreg til viktige målsettingar i planen for Noreg det kommande året.

 

2025-12-22