course-details-portlet

MGLU4201

Norskdidaktikk - Didaktiske, teoretiske og kulturelle innfallsvinkler

Studiepoeng 15
Nivå Høyere grads nivå
Undervisningsstart Høst 2025
Varighet 1 semester
Undervisningsspråk Norsk
Sted Trondheim
Vurderingsordning Hjemmeeksamen

Om

Om emnet

Faglig innhold

Norskdidaktikk - didaktiske, teoretiske og kulturelle innfallsvinklar dreiar seg om norskfagets utvikling og samansette fagdidaktikk og kunnskapsinnhald. I tillegg til at denne forståinga er viktig for studentane som lærarar, er det også eit poeng at studentane blir øvde i å sjå kunnskapsinnhaldet i faget innanfor ein større vitskapleg tradisjon som framtidige masterskrivarar.

Emnet skal bidra med å gi perspektiv på og sjå heilskap og samannhengar i norskfaget og norskdidaktikken gjennom historiske, kulturelle, didaktiske og teoretiske inngangar. Kultur- og danningsdimensjonen i faget blir vektlagd, saman med perspektiv på språk og tekst i endring og utvikling. Emnet skal gi innsikt i overordna teoriar om språk og litteratur - og bruken av desse i analysar av ulike typar tekstar og diskursar. Desse teoriane møter studentane igjen i meir spesifikke samanhengar seinare i studiet. Forskingsmetodiske perspektiv blir også tematiserte i presentasjonar av forskingsprosjekt relevante for emnet.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om norskfaget i skulen, dei ulike hovedområda og grunnleggende trekka ved dannings- og kulturmålsettingar i faget
  • har systematisk oversikt over relevante teoriar om språk og litteratur, tekst og diskursar
  • har sjølvstendig innsikt i vitskapleg tilnærming til norskfaget og norskdidaktikken
  • har inngåande kunnskap om kva føringar ulike tekstkulturar, språkleg mangfald og språkendring legg for norskfaget

Ferdigheiter

Studenten

  • kan ta i bruk og reflektere kritisk over relevante teoriar, metodar og tolkingar som kan knytast til hovudområda i norskdidaktikken
  • kan analysere og bruke faghistorisk innsikt på ein sjølvstendig måte i refleksjonar over praktiske og teoretiske norskfaglege spørsmål
  • kan analysere og forhalde seg kritisk til forskingsmetodiske problemstillingar i faglitteraturen

Generell kompetanse

Studenten

  • kan plassere aktuell norskdidaktisk forsking i ein teoretisk og faghistorisk samanheng, som grunnlag for kritisk refleksjon og utvikling av eigen fagposisjon
  • kan ta i bruk fagleg og didaktisk kunnskap i analysar av relevante norskfaglege problemstillingar i skulen og omsette dette til relevant praksis
  • kan formidle og diskutere problemstillingar knytte til overordna historiske, faglege og kulturelle føringar/dimensjonar i norskfaget

Læringsformer og aktiviteter

Refleksjons- og tenkearbeidet til studentane vil i stor grad handle om å binde saman dei ulike elementa i emnet, gjennom arbeid med pensum.

Arbeids- og læringsformene i studiet vekslar mellom førelesingar, seminar, studentpresentasjonar og diskusjonar. Det blir stilt høge krav til studentmedverknad, og det blir forventa at alle studentane bidrar aktivt i studiet. Noko undervising kan føregå på engelsk.

Obligatoriske aktiviteter

  • Inntil 3 refleksjonstekstar
  • Deltakelse i tekstseminar og minst ett framlegg på og ledelse av slikt seminar

Mer om vurdering

Obligatoriske arbeidskrav blir vurderte med godkjent/ikkje godkjent. Alle obligatoriske arbeidskrav må vera godkjende for at kandidaten skal kunna ta eksamen.

Eksamen:

Heimeeksamen i form av eit fagleg essay. Teksten skal vise at studentane er i stand til å reflektere over aktuelle teoriar og sentrale norskdidaktiske emne. Ein kan i tillegg få kortsvarsoppgåver på eksamen.

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
Grunnskolelærerutdanning 1.-7. trinn (MGLU1-7) - enkelte retninger
Grunnskolelærerutdanning 5.-10. trinn (MGLU5-10) - enkelte retninger

Forkunnskapskrav

Studenten må ha bestått Norsk 1 og gjennomført Norsk 2 for å kunne starte på emne i syklus 2. Bestått blir forstått som at studenten har fullført og bestått eksamen i emnet. Gjennomført blir forstått som at alle obligatoriske arbeidskrav i emnet er godkjende, med andre ord at studenten er eksamensklar.

Kursmateriell

Endeleg pensumliste blir lagd ut på Blackboard før studiestart.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra
LMN14005 7,5 sp Høst 2020
LMN54005 7,5 sp Høst 2020
Dette emne har faglig overlapp med emnene i tabellen over. Om du tar emner som overlapper får du studiepoengreduksjon i det emnet du har dårligst karakter i. Dersom karakteren er lik i de to emnene gis det reduksjon i det emnet som er avlagt sist.

Fagområder

  • Lærer- og lektorutdanning
  • Norsk (norrøn)

Kontaktinformasjon

Emneansvarlig/koordinator

Ansvarlig enhet

Department of Teacher Education

Eksamen

Eksamen

Vurderingsordning: Hjemmeeksamen
Karakter: Bestått/ Ikke bestått

Ordinær eksamen - Høst 2025

Hjemmeeksamen
Vekting 100/100 Dato Utlevering 08.12.2025
Innlevering 15.12.2025
Tid Utlevering 09:00
Innlevering 09:00
Varighet 1 uker Eksamenssystem Inspera Assessment

Utsatt eksamen - Vår 2026

Hjemmeeksamen
Vekting 100/100 Varighet 1 uker Eksamenssystem Inspera Assessment